Frisklivssentralane på Jæren har eit variert aktivitetstilbud, med treningsgrupper alle kvardagar til ulike tider på dagen. Treninga er tilpassa personar som ynskjer å koma i gong med fysisk aktivitet. Treningane har ulikt fokus, som kondisjon, styrke og bevegelighet, men alle treningane har til felles at dei fokuserer på bevegelsesglede og meistringskjensle.
Ønsker du hjelp til å koma i gong med fysisk aktivitet og trening?
Då kan du ta kontakt med frisklivssentralen i din kommune. Du treng ikkje henvisning og kan ta direkte kontakt. Du vil bli kalla inn til ein oppstartsamtale for å finne ut kva som kan være eit aktuelt tilbod for deg. Dersom du kun ønsker å delta på treningar, og ikkje har behov for oppfølging på frisklivssentralen utover det, kan du delta ved å betale ein eigenandel på kr 800 for eit år. Du må då være under 67 år og ha ein stønad frå NAV.
Anbefalinger for fysisk aktivitet
Oversikt over aktivitetstilbud